Kva er det med romfolket? Vi ryddar dei vekk, let som om vi ikkje ser dei. Forfattar Eirik Ingebrigtsen og musikar Trygve Skaug møtast til ein samtale om dei usynlege og om
sine små bidrag. Frode Grytten les.
EIRIK INGEBRIGTSEN, forfattar I romanen Spikrar frå fallande plankar vaknar Sven opp og ser at ein rom-familie har slått seg ned i hagen hans. Korleis skal han forholde seg til det? Og til naboane som ikkje er oppglødde for vala han gjer? Ryddinga av sigøynarleirar i Oslo i 2011 trigga ein aggresjon i han, og boka er ei utforsking av korleis vi forholder oss til menneska runt oss.
Trygve Skaug er musikar, og veldedighetsarbeidar på si. Han er aktiv promotør av arbeidet til Star Of Hope, ein bistandsorganisasjon med fokus på utdanning. Dei arbeider i 13 land. Skaug har besøkt arbeidet deira i Manilaslummen, og er i september 2016 på besøk i ein av de store romlandsbyene i Romania.