Korleis kan ein skaffe seg billionar av kroner utan å røre på eit einaste augelokk? Kor vanskelig kan det eigentleg vere? Å bli stinkande rik er null stress. Det hevdar forfattarane Henning H. Bergsvåg og Frode Grytten. Dei har studert rike folk, reint overflatisk i alle fall, og komme fram til at samtlige er stokk, stein dumme. Så korleis gjør dei det? Det får du vite om du kjem til det splitter nye lulleshowet til Bergsvåg og Grytten. Det blir kvitvasking av pengar, Karl Marx på speed, luksusfelle og framføring av hyllingsdikt til Stein Erik Hagen. I fjor fiksa duoen full mindfullness på ein drøss med folk bare ved hjelp av nokre rosiner og gitarspeling med tærne. I år garanterer dei at alle som går inn i lokalet som fattiglus vil gå ut igjen som mangebillionær.