I norsk folkekultur kjem vi ikkje utanom huldra. I 1800-talets bildekunst blir ho ofte portrettert som ei vakker kvinne med langt, lyst hår og kuhale. Kven er eigentleg dette mystiske, fenglsande vesenet som syner seg i skog og ved tjern, og som kan lokke med seg menn ned til det underjordiske? Er ho berre slu og vond, eller fins det fleire moglege tolkningar av huldra? To som har nærma seg temaet på ulike måtar, er danske Charlotte Weitze og norske Tormod Haugland. Weitze har fått mykje merksemd og kritikarros for boka Rosarium, som utspelar seg i grenseland mellom realisme og eventyr, og er omsett til norsk i år. Weitze er utdanna etnolog, og skreiv mellom anna bacheloroppgåve om bergtakingsmyten, som har mykje til felles med forteljingar om huldra. Haugland har skrive om huldra i fleire tekstar, mellom anna i Om livet på jorda (2021), tredje bind i trilogien som har bergtatt norske lesarar. Nyleg framførte han ein nyskriven tekst om huldra og mytane kring denne skapnaden på Førdefestivalen.
Charlotte Weitze og Tormod Haugland møter kritikar Elise Winterthun til samtale.