LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

SMÅSYMP NABOEN MIN

Naboen min lagar musikk som får ungar til å synge, danse, gruble og le. I 2018 vann dei Spellemannspris i kategorien «Barnemusikk». I 2021 er dei ute med ny plate: Alt blir feil!

Musikken spenner frå rock til viser, med inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som sjølvsagt er på nynorsk, finn ein både humor og alvor.

Vi får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du vil læra deg nokre gloser på romvesensk, har du kome på riktig stad! 

Naboen min er eit band sett saman av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Med seg har dei musikarane Einar Olsson og Geir Dahle.

Pris

200

Dato og tid

09.10 kl. 12.00

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

NABOEN MIN
VEGARD MARKHUS