LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

BIKUBEGANG
HALLO ODDA
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2020

forside%20katalog2020

SmåSymp - HEAVYKATTEN

Kva skjer når ein forfattar skal vera musikar?
I denne familieforestillinga får du eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip, kjende frå fleire bøker av Roald Kaldestad.

Vi er i øvingsrommet til eit band som ønskjer å spela tøff heavy-musikk.

Bandet lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gang med øvinga når publikum kjem. Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har nokon som kan spela på det flotte trommesettet. Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har heilt andre ting enn bandet og øvinga i hovudet når han endeleg dukkar opp.
 
Dette er rammeforteljinga i ei forestilling som gir både ei musikalsk og ei litterær oppleving. Viktige spørsmål vert tatt opp her: Kan ein katt ha tatoveringar og vest med naglar? Kan ei mus danse disco? Kan eit piggsvin skriva poesi?
 
Forestillinga er laga av Roald Kaldestad i samarbeid med musikarane Stig Lundblad-Sandbakk og Roy Ole Førland, og bygger på figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, som Kaldestad har skrive fire bøker om. 


Forestillinga hadde premiere på Hamar i mai 2007, og har seinare blitt framførd med stor suksess på skular og festivalar over heile landet. Dei har vore i Odda før. Til glede for nye generasjonar born, inviterer vi dei tilbake! 
 

Pris

200,-

Dato og tid

10.10 kl. 11:00

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

ANNLAUG BØRSHEIM