Symposiets barneprogram for barnefamiliar.
“Alle har en liten dør bak øret” er ein teaterserie som består av åtte ulike framsyningar for born frå to år og oppover.
På årets SmåSymp viser vi framsyninga Storm i hodet kl. 11.00 og 12.00.
I denne forestillingen møter vi hunden som har ein storm i hovudet, ein frykteleg vind som bles tankane bort. Den har berre lyst til å bite og slå, bite og klore og glefse og lugge og rive i filler og rive sund og øydelegge alt alt alt. Alle har en liten dør bak øret er ein teaterserie som består av åtte ulike framsyningar for born frå to år og oppover. Annlaug Børsheim har sett musikk til nyare dikt, og har saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre laga eit poetisk univers for born i alle aldrar. Ved hjelp av skuggeteater og magisk lyssetting blir figurane levande, og borna blir med inn i eit særeige univers der ord, musikk og estetikk smeltar saman.
Utgangspunktet for framsyningane er nyare norsk poesi, dikt og tekstar henta frå ulike bøker og samlingar gjeve ut etter år 2000. Folkemusikar Annlaug Børsheim har sett musikk til fleire av dikta, og saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre, scenograf Mari Watn og lysdesignar Silje Grimstad har dei laga eit poetisk univers for born i alle aldrar.