Tutomaten er historia om kompisane Reven og Grisungen. Dei har høyrd om ei maskin som seier tut-tut dersom ein puttar inn ei tomflaske. Ei slik maskin vil dei òg byggje, men den skal vere til fulle flasker som dei kan drikke opp etterpå. I tillegg til brus vil dei ha andre søtsaker. Dei lager difor både sjokoladeskuff, tyggisklaff og kakefat på Tutomaten. Så er det berre å vente…
I historia møter vi i tillegg Dåsemiklene, Kråka, Kua og Fjompenissen Papp, og alle har ei meining om denne oppfinninga.
Tutomaten er ei herleg forteljing om vennskap, oppfinnartrang og ukueleg optimisme.
Ei forestilling for born i alderen 3-9 år.
Forestillinga er basert på barneboka til Bjørn F. Rørvik med same tittel.