LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR

6.april 2011 vart stiftelsespapira til Sentralbadet litteraturhus signert av grunnleggjarane Marit Eikemo og Frode Grytten. Draumen om å utvikle eit litteraturhus i Odda fekk vinger.

Hausten før hadde Odda kommunestyre vedtatt å gi Bygg 119 Sentralbadet vederlagsfritt til stiftinga saman med 200 000,- til stiftelseskapital. Huset hadde på kort tid generert nok midlar til at byggetrinn 1 av renoveringa kunne starte, med tilskot frå Hordaland fylkeskommune (1,5 millionar), Fritt Ord (1 500 000) Norsk Kulturråd (1 725 000), Kulturminnefondet (650 000) og Odda mållag (50 000). 

Byggetrinn 1 starta i slutten av juni 2011 og sto klart på rekordfart til Litteratursymposiet i Odda 2011 sin opningsdag i oktober. RiO (Restaureringssenteret i Odda) hadde oppdraget, der det var kalkulert med ein betydelig dugnadsinnsats. Folk i alle aldrar møtte opp på dei annonserte dugnadene, bretta opp ermene, tok på seg støvmasker og stod på. Dei intense dugnadsøktene var avgjerande for realiseringa av byggetrinn 1. Dei var ikkje minst viktig for den forankringa huset tidlig fekk blant oddingane. 

I dag, 10 år etter, er Sentralbadet framleis i stor grad drive på dugnad og kjærleik. Oppussinga er ikkje heilt ferdig, men vi tar heile huset i bruk når vi feirer 10 år med Sentralbadet litteraturhus med kunst, litteratur, musikk og god mat og drikke.

Opningsfest med kake onsdag kl. 13.00 
Chris Tvedt, Nina Kongtorp, Guri Heftye, Roald Aga Hauge, Anne Oterholm og Marit Eikemo frå det første styret mimrer om oppstarten og dei første åra. 
Talar og helsingar. 

Pris

Gratis

Dato og tid

06.10 kl. 13.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ANNE OTERHOLM
CHRIS TVEDT
MARIT EIKEMO