LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

PLATONS DRIKKEGILDE

Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre si musikalske framsyning, basert på Platons Symposion, med talar om kjærleikens magi.


Du veit den festen alle snakkar om?

«Platons Symposion», eller «Drikkegildet i Athen», er eit av Platons mest kjende verk, der han skildrar ein sagnomsust fest han sjølv ikkje deltok på. På festen inviterte filosofen Agathon gjestene sine til å halde kvar sin tale om kjærleik. Det er desse talane Platon gjengir i “Platon Symposion”, og spesielt talen til Sokrates har fått mykje merksemd i ettertid. Sokrates fortel om den kloke Diotima, kvinna som lærte han å forstå kjærleikens kraft.

Det er på tide med nye talar om kjærleik!

I vår forteljing er Platon bartender, Diotima nattklubbsongerinne og Sokrates stamkunden i baren. På samme måte som i “Platons Symposion”, inviterer vi ulike menneske til å halde kvar sin tale om kjærleik. Gjestene er menneske som evner å sette ord på kjærleik på ein god måte.

Annlaug Børsheim har rolla som orakelet Diotima. Ho har valgt ut ei rekke kjærleikssongar som ho har tolka på sin unike måte, og akkompagnerer med fele og gitar. Musikken står sentralt i framsyninga, og Børsheim sin kunstnarskap tilfører framsyninga eit eige lag. Vibeke Flesland Havre har rolla som Platon. Ho introduserer talarane, leier samtalane, og saman med Sokrates og Diotima fortel dei om det sagnomsuste drikkegildet i Athen, og trekkjer parallellar til den tida vi lever i. Kanskje vi framleis har noko å læra av dei gamle gudane?

I følge Platon handlar kjærleik om å ville det gode, sjå konsekvensane av handlingane sine og ta vare på både naturen og menneska vi har rundt oss. Kjærleik handlar om å løfte blikket, sjå den andre og forstå at vi er eitt. Kjærleik er ein sentral del av alle menneskeliv, men kjærleikens vesen artar seg nokså uklart for dei fleste av oss. Gjennom “Platons Drikkegilde - samtalar om kjærleik”.

Forestillinga er utvikla av Vibeke Flesland Havre og Annlaug Børsheim, og blei først presentert under Festspillene i Bergen våren 2022. 

Platons%20drikkegilde%20Foto%20Magnus%20Skrede%20MS_Vest_Platon-00596

Pris

200,-

Dato og tid

05.10 kl. 18.00

Sted

HARDANGER HOTEL

Medverkande

ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
VIBEKE FLESLAND HAVRE
VIBEKE FLESLAND HAVRE