LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

NATTERAPI

Ta den ultimate turen ut i Odda Sin City, inn i mørkets hjarte, slepp deg tungt ned i hedonismen, oppdag erogene soner du ikkje ante at du hadde og kjenn på den dyriske attråen som lurer like under overflata på alle litteraturfestivalar.

Dei to fritenkande terapeutane Henning H. Bergsvåg og Frode Grytten har redda Hardanger-regionen frå mange kriser. Opp gjennom åra har dei gjort fleire hardingar til mangemillionærar, gitt folk evig liv og hjulpe tusenvis ut av livskriser. I fjor hadde terapeutane ei særs vellykka utdriving av Netflix frå Odda sentrum. No tar dei to alle frisinna med på ein natterapi som manglar sidestykke i norsk historie. 

Ta den ultimate turen ut i Odda Sin City, inn i mørkets hjarte, slepp deg tungt ned i hedonismen, oppdag erogene soner du ikkje ante at du hadde og kjenn på den dyriske attråen som lurer like under overflata på alle litteraturfestivalar. (Aldersgrense: 44 år eller fungerande koronapass!).

Oppmøte: Porten

Pris

250,-

Dato og tid

07.10 kl. 22.30

Sted

ODDA SIN CITY

Medverkande