LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET

Sissel Gran om det motsetningsfylte i oss.

Begjær har alltid vore ei sterk drivkraft i oss menneske. Det kan fylla oss med eit lystbetont pågangsmot til å vinna, utforska, erobre og elska, men begjæret har óg ei mørk og mektig side. Sjølv om vi frå fødselen har i oss eit behov for å vere trygge og ha tilknyting, ligg det ein kime til overskriding, villskap og å vere uansvarleg i oss. Alle har vel ein eller annan gong stått ansikt til ansikt med noko framandt i oss og kjent på det: At vi kan kome til å gjere det motsette av kva vi tenker er rett. Denne villskapen er mørk og kroppsleg: Det er eit begjær som sit i kjøtet, som i ein framand del av oss sjølv.
I vår tids sterke tru på fornuft og den gode vilje kan vi undervurdere at dette mektige og
tidvis mørke kan leia oss ut på ville vegar.

Heile Norges samlivsekspert, psykolog Sissel Gran har i boka Men størst av alt er begjæret satt seg fore å utforska kjøttets higen, dette noko i oss som får oss til å gå ut av vårt gode skinn: Vere utro, skjelle ut barna, krenke kjærasten, drikke oss fulle, slå, gamble eller bryte fartsgrenser. Gran held foredrag om det motsetningsfylte i oss.
 

Pris

300,-

Dato og tid

07.10 kl. 18.00

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

SISSEL GRAN