LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

LYSTHUSET: SYMPOSION

Thea Selliaas Thorsen guidar oss gjennom det meste kjende symposiet gjennom tidene: Platons Symposion.

Platons skildrar eit drikkegilde hos den rike atheneren Agathon: Kveldens gjester vert einige om å avstå frå å drikke, og heller halde kvar sin tale til kjærleiksguden Eros. 

Symposion eller Symposium (gresk Συμπόσιον) er ein av Platons dialogar, som og går under tittelen Drikkegildet i Athen. Den er skriven rundt år 380 f.Kr.

«Dialogen skildrer et festlig drikkegilde hos den rike atheneren Agathon, hvor gjestene bestemmer seg for å avstå fra å drikke, og heller holde hver sin tale til kjærlighetsguden Eros. Dette gir Platon anledning til å brette ut en hel kulturhistorie inntil Sokrates løfter perspektivene i dialogens høydepunkt, hvor den vise kvinne Diotima fra Mantineia i direkte tale innvier Sokrates i kjærlighetens mysterium.» 

«Sokrates' tale skulle få skjelsettende betydning for kjærlighetsmystikken til alle tider.»

Dei sju som er til stades er Faidros, ein sofist, kjend frå dialogen med same namn; Pausanias, ein lovkyndig, Eryximakhos, ein naturviter, Aristofanes, ein komedieforfattar, Agathon, ein tragedieforfattar, filosofen Sokrates og ynglingen Alkibiades, ein politikar.

Thea Selliaas Thorsen er dr.art. i latin, forfattar og redaktør for The Cambridge Companion to Latin Love Elegy (2011). Sidan 2014 har ho vore akademisk prosjektleiar for serien Kanon. Antikkens litteratur på norsk, der Gyldendal Litteratur og Klassiske fag ved NTNU i Trondheim i samarbeid omset antikkens litterære kanon til moderne norsk. Selliås Thorsen har gjendikta fleire verk av Ovid. 

Pris

100,-

Dato og tid

09.10 kl. 17.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

THEA SELLIAAS THORSEN