LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

LITTERÆR SPEED-DATE: FLINK

Tora Sanden Døskeland møter Jon Øystein Flink.

Nysgjerrig på dei nye bøkene, og kven som skriv dei? Her set vi av ein liten halvtime til å møte éin forfattar og éi bok. Forhåpentlegvis gjev smakebiten oss meirsmak. Programvert Tora Sanden Døskeland møter Jon Øystein Flink og hans rykande ferske roman Dobbeltgjengerne til litterær speeddate.
 

Om boka:
Verda kan ende når som helst, særleg etter ein fuktig bytur. Fire litteratar vaknar på Nesøya, og i djup fylleangst opplever dei noko som kanskje er byrjinga på dommedag. Etter denne spektakulære opninga spring romanen bakover i tid, og vi møter ein hovudperson, ikkje heilt ulik den første, nærast ein dobbeltgjengar, ein mann som grublar over sin store, uoppfylte kjærleik, valdelege barndomsminner, og korleis han er blitt den han er. Kjærleik, identitet og einsemd er stikkord i ein roman spekka med morosame, uhyre velskrivne skildringar, frekke påstandar og analysar av tinga si tilstand i vår eiga samtid.

Flink-2

Pris

Gratis

Dato og tid

05.10 kl. 15.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS
1. ETG.

Medverkande

JON ØYSTEIN FLINK
JON ØYSTEIN FLINK