Tradisjonsrik opningsforestilling i symposiets storstove, Lindehuset. Det beste frå litteratur, musikk, humor og alvor.
Terje Tvedt held årets Heimessay. Det bli litterære opplesingar om kva som held menneska saman, klassisk tekst i ny språkdrakt, song om ein flyktning og distriktsmelankolsk visepop. Det blir rap og tekstar frå unge, og kjenner vi han rett, dukkar nok også Helge Olsen opp med nokre velvalde ord.