LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

KAMPEN OM SEKSUALMORALEN

Når vi ser tilbake til attenhundretalets oppheta debattar om seksualmoral, er det lett å tenke at det den gongen var vanleg å ha temmeleg forkvakla og ufunderte oppfatningar. Men har det eigentlieg blitt betre?

Nokre meinte sex var synd, at det var kvinna si rolle å vere dydsideal, medan andre meinte at seksuelt avhald førte til bleiksott og at alle måtte ha samleie to gonger i veka for å halde seg sunne. Bjørnson meinte at folkeslag som heldt seg til monogamiet var sterkare og meir vitale enn dei som praktiserte det han kalte «mangegifte». Dessutan meinte dei fleste at onani var «sjølvsmitting» og at homofili var ein mental sjukdom eller perversjon. Nokre meinte at alle burde vere seksuelt avhaldande før ekteskapet, andre støtta den frie kjærleiken, medan svært mange støtta den gamle borgarlege dobbeltmoralen, som sa at ein måtte sjå gjennom fingrane med prostitusjon, mellom anna. Kva så med vår eiga tid? Er det riktig å si at fridomen har sigra på det seksuelle området, eller lir vi framleis under ein undertrykkande seksualmoral? Kan vi, når det kjem til stykket, begrunne våre standpunkt om korleis sex og samliv bør organiserast, eller vil vår eiga tid ta seg like underleg ut for historikarar i framtida som attenhundretalets debattar gjer det på oss?

Litteraturforskar og kritikar Frode Helmich Pedersen er aktuell med essayboka «Å være mot sin tid». Han held foredrag om historie og seksualmoral.

Pris

100

Dato og tid

09.10 kl. 15.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

FRODE HELMICH PEDERSEN