Det var nærmast ein vits då Pink Floyd i 1973 song: ”New car, caviar, four star daydream/ Think I’ll buy me a football team”. Kjøpe seg eit fotballag, liksom! I dag er det nettopp kva rikingane gjør, sjeikane og oligarkane og oljemilliardærane, dei kjøper opp lag og gjør fotballstadion rundt omkring til sine personlige leikegrinder og utstillingsvindauge for eige firma.
Korleis verkar kapitalens sjuke spel inn på det vakre spelet? Mistar vi fotballen? Forsvinn lojaliteten, både hos spelarar og publikum? Er det mulig å sjå Neymar jr drible for PSG utan å kjenne ei stigande kvalme når vi kjenner historia bak verdas dyraste overgang? Eller gjør alle pengane fotballen så fantastisk at vi bare kan gi blaffen og nyte?
På Litteratursymposiets faste fotballdebatt møtast fotballekspertar og fotballinteresserte forfattarar til uhøgtideleg og blodseriøs samtale om vår tids viktigaste og sjukaste idrett.