Forfattaren og illustratøren bak pseudonymet H. L. Phoenix blei fødd i 1982, og vaks opp i ein forstad utanfor Oslo.
Som ung dreiv han mykje med sport og teikning, og då han var 8 år gamal, vann han sin aller første teiknekonkurranse. I åra som fulgte, fordjupa han seg i illustrasjon og design, og blei raskt lidenskapeleg opptatt av sjangeren fantasy. Han er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, personleg trenar og ernæringsrettleiiar, og har over 20 års erfaring med arbeid med born og unge. I tillegg er han fast foredragshaldar på Guttekonfreansen, som vert halden kvart år i samband med verdsdagen for psykisk helse. Der snakkar han til fleire hundre gutar i 10. klasse, om å ha mot til å vera seg sjølv, ta gjennomtenkte val og kor viktig det er å kunne snakka om kjenslene sine.
H. L. Phoenix gir ut den grafiske romanserien Arkin - Lysets vokter.