Krig og knulling. Farssakn og morsbinding. Groupies og boblebad. Pink Floyds ”The Wall” har stått som ein påle i over tretti år. Heilt til no. For jaggu har ikkje populærorkesteret Finn Erix tatt til å interessere seg for materialet. På godt og vondt. Mest på vondt.
Med nærmast kirurgisk presisjon dissekerer dei Pink Floyd sitt monster av eit album. Kva betyr det eigentlig å bygge ein mur i våre dagar? Går det an å ha ein mur inni seg? Må ein søke kommunen om å føre opp ein indre mur? Og kan ein leige inn polske murarar til å utføre arbeidet? Dette er oppsetninga som Roger Waters umulig kan ha sett for seg, sjølv ikkje i sine verste mareritt. Dette er Pink Floyd som har bytta ut syre og LSD med kaffi og kake. In The Flesh? O, yes, baby! Is There Anybody Out There? Ja, tre menn i raud velurdress.
Til å gjere sin heilt eigen versjon av VEGGEN får Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Odd Erik Lothe drahjelp frå eit stjernelag av artistar, inkludert eit par som nesten har vore på ein Pink Floyd-konsert.