LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

EKKO, OVID OG ALGORITMANE

Ekko var den greske nymfa som snakka så mykje at ho til slutt berre kunne gjenta andre. Ekko var djupt forelska i Narcissus, han som forelska seg i sitt eige spegelbilete og døde av det. Selliaas Thorsen og Lindgren møtes til ein samtale om nymfa Ekko og kva krefter ho representerer, sett frå antikken og eit samtidsanalytisk perspektiv. Samtalen vert leia av filosof Øyvind Kvalnes.

Thea Selliaas Thorsen er professor i klassiske studiar. Ho har publisert dei første norske gjendiktingane av kjærleiksdiktaren Ovid, og jobbar no med gjendiktinga av hans Metamorfoser, der myta om Ekko inngår. I 2019 drog Lena Lindgren til Silicon Valley i eit mislukka forsøk på å intervjue Mark Zuckerberg om Facebooks forsking på telepati. Det førte i staden til eit undersøkande essay om korleis medieteknologien har forheksa og invadert oss, sanseleg og samfunnsmessig. I boka «Ekko. Et essay om algoritmer og begjær» ser Lindgren vår turbulente samtid gjennom myten om Ekko, og bruker nymfa i eit forsøk på å beskrive menneska sin blind date med kunstig intelligens.

Pris

150

Dato og tid

08.10 kl. 17.00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

THEA SELLIAAS THORSEN
LENA LINDGREN
ØYVIND KVALNES