LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

EITRANES - ODDA - SLEPPFEST

Lars Ove Seljestad kjem heim på symposiet, med ny roman. Her slutter han sirkelen av bøker om identitet, tilhøyrsle og utanforskap.

Lars Ove Seljestad er i haust aktuell med Eitranes, hans åttande roman sidan brakdebuten Blind i 2005. Her sluttar han sirkelen av bøker om identitet, tilhøyrsle og utanforskap, klasse og seksualitet, som har gitt han ein særeigen plass i norsk samtidslitteratur. 

 

Den unge stipendiaten Halvard Bergstø og den vesle familien hans er på veg til Bremen, der han skal arbeida eitt år på Institutt for livsløp- og biografiforsking. Halvard er besett av tanken på å komma seg vekk frå heimstaden Eitranes. Frigjeringa blir alt anna enn enkel. Samstundes blir faren sjuk og han blir kalla heim. Gjensynet med broren og heimbygda blir eit gjensyn med eiga historie. Tydelegare enn nokon gong ser han verdiane, haldningane og kunnskapane som blei skrive inn i han då han vaks opp. Eitranes er ein stolt roman om vegen ut, om vegen inn i noko anna. Ikkje minst er det ein roman om den lange vegen heim. 

 

Lars Ove Seljestad sjølv kjem heim til symposiet, og vi inviterer til sleppfest med opplesing og samtale.

 

seljestad-lars-ove%20nicolas%20Nello

Pris

200

Dato og tid

08.10 kl. 16.00

Sted

EPOS

Medverkande

LARS OVE SELJESTAD
LARS OVE SELJESTAD
MÍMIR KRISTJÁNSSON
MÍMIR KRISTJÁNSSON