LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

CHIQUITITA

Pedro Carmona-Alvarez møter Elise Winterthun.

Pedro Carmona-Alvarez er blant landets mest skatta forfattarar i fleire sjangar. Haustens roman, Chiquitita, har fått ein overveldande mottaking av både lesarar og kritikarar. I romanen følger vi Marisol i fleire stadium: Vi møter henne som middelaldrande kvinne som ser tilbake på livet sitt. Vi møter henne som ung kvinne på ferie med kjærasten sin, den første kjærleiken. Vi møter henne som barn, saman med mora og faren i ein by ved havet, og med bestemora, som ho ofte bur hos. Brått skjer det noko i landet, og den vesle familien må flykte, tvers over kloden.

Sentralt i romanen er minne og tid. Korleis fortidas hendingar, traume og flukt held fram med å verke i oss. Men det er også ei forteljing om håp, om ljos og kjærleik. Romanen tar opp i seg mange av temaa som går igjen i Carmona-Alvarez sin rike forfattarskap, og er skrive i eit kjenslevart og forskande språk. Carmona-Alvarez møter kritikar Elise Winterthun til samtale om boka.
Pedro%20Carmona-Alvarez%20Foto%20Eva%20Lene%20Gilje%20%C3%98stensen%203

Pris

150,-

Dato og tid

07.10 kl. 12.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS
DEN RAUDE SAL

Medverkande

PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN