LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ANNE OTERHOLM
ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
ERLEND GARATUN HUUS
FORENINGEN FOR BY OG BYGD
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNHILD BERGE STANG
HALLGEIR OPEDAL
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS KIHL
JENS M. JOHANSSON
JOHANNA SCHEIE ORELLANA
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJARTAN FLØGSTAD
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
KNUT MARKHUS
KRÅKENE
LARS OVE SELJESTAD
LEANDER DJØNNE
LINN STALSBERG
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA PASENAU
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
ODDA STORBAND
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORE SLAATTA
TRADDIES
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2020

forside%20katalog2020

GARASJELAND

I si niande novellesamling tar Frode Grytten oss med ut i eit landskap der drømmar, minne og ein dårlig dag kan ha fatale konsekvensar for alle involverte. Historiene får spele seg ut i Oslo, Bergen, Torrevieja, Paris, Las Vegas og det mytiske Garasjeland. Grytten viser korleis folk som er drivne av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlig utfall. 

I opningsnovella flyttar sekstenåringen inn i farens garasje, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i «Oslo» kjem tilbake til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i «Den siste øya» har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt åleine? I novella «Inntrengar» stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Komedie og tragedie går hand i hand i forteljinga om dei tre brørne på flukt som blir eigarar av snøkvit Elvis-drakt som skal både redde dei og øydelegge dei. Polakken i «YNWA» er langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. Slutthistoria skildrar vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020.

Novellene er fylt opp med karakterar som pendlar mellom paradis og kvardag, utopi og heimplass. Som alle andre drømmarar blir dei konfrontert med konkrete val og fysiske menneske som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.

Frode Grytten møter kompis Jens M. Johansson til å preike om si nye bok.  

Pris

150,-

Dato og tid

08.10 kl. 16:00

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

FRODE GRYTTEN
JENS M. JOHANSSON