MARGUNN VIKINGSTAD

Margunn Vikingstad (fødd 1971) er ein norsk litteraturkritikar og omsetjar. Ho har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo (2000).

Vikingstad var litteraturkritikar i Dag og Tid frå 2001 til 2013, sidan 2013 har ho vore knytt til Morgenbladet som litteraturkritikar. Sidan 2010 har ho kombinert kritikarverksemda med å gjere skjønnlitterære omsetjingar.

Ho har m.a. omsett tre teaterstykke av den fransk-kanadiske dramatikaren Daniel Danis, som er gitt ut i bokform (2011) i Jon Fosse sin serie med omsett dramatikk, ein roman av franske Nina Bouraoui, Kyssa våre er ein avskjed (2013), og ein teikneserie av britiske Tom Gauld med tittel Goliat (2014). Ho har òg omsett dramatikk for scenen; August Strindbergs Dødsdansen (premiere 2012 på Det Norske Teatret), Lars von Triers Antichrist (premiere 2013 på Det Norske Teatret) og Lucky Happiness Golden Express av Noah Haidle (premiere 2015 på Det Norske Teatret).

Vikingstad har vore prosjektleiar i NORLA (Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet), og prosjektleiar for Norsk barnebokinstitutt sitt prosjekt med forfattarutdanning i faglitteratur for barn og ungdom.

Siste utgjeving er hennar omsetjing av Gustave Flaubert sin livsløgnsroman Madame Bovary. 

Tidligere program

MARGUNN VIKINGSTAD

Katalog 2018

 

Katalog 2018