LINDA EIDE

Linda Eide er fødd i 1969 på Voss. Ho er journalist, forfattar og humorist.

I fleire år var ho kjend for å reise land og strand i raud joggedress, på jakt etter norske attraksjonar. Dette vart det både bok og tv-serie av.

Linda Eide har gitt ut bøkene Då gamlemor baka seg i hjel, Kvardagstraume (2003), og Radio Radio (2004) (saman med Lars Nyre).

Linda Eide har fått mange prisar for arbeidet sitt, og i 2006 fekk Eide Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar, og Melsom-prisen i 2013. I 2012 kom boka Oppdrag mottro - jakta på gamle dagar. 

I år reiser ho land og strand rundt i lag med Sjur Hjeltnes og fortel sin versjon av Noregshistoria på 2 timar.
LINDA EIDE
Foto: Stine Eide

Katalog 2018

 

Katalog 2018