ROALD KALDESTAD

Roald Kaldestad (fødd 1972) er ein vestnorsk barnebokforfattar, låtskrivar og gitarist. Han er cand. philol. (2002) med hovudfag i kunsthistorie, med ei oppgåve om David Bowie.

Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben og i 2003 Polkagrisen. Dei to første har gått som høyrespel i Barnetimen for de minste. Boka Englefjell (2006) vart laga saman med teiknaren Øyvind Torseter. Heavykatten og gitaren kom i 2010. Han har og skrive forteljingar til Eventyrboka (2009), Trøysteboka (2011) og Monsterboka (2013) på Skald forlag. I 2014 kom biletboka To hundre og sekstini dagar, laga i samarbeid med illustratøren Bjørn Rune Lie.

Som musikar har han m.a jobba med Sigrid Moldestad, Odd Nordstoga, Magnet, og Storm Weather Shanty Choir.

Tidligere program

ROALD KALDESTAD