LARS OVE SELJESTAD

Lars Ove vart fødd i Odda i 1961. Han er no busett i Bærum. Lars Ove har vore fulltidsforfattar og skribent sidan 2010, og skriv m.a. fast for spalta Paradoks i avisa Klassekampen.

Seljestad sin debutroman Blind (2005)  skapa ein langvarig debatt knytt til klassereiseproblematikken. Få bøker har som denne sett dagsorden i det litterære og politiske feltet.
Seinare kom boka Bastard, ein sjangerhybrid, både sjølvbiografi og essay og fiksjon. Bastard handlar om hans eiga klassereise frå Oddas arbeidarklasse til akademia og den forma for framandgjering og ambivalens som mange klassereisande opplever i møtet med sitt nye miljø.

I 2009 kom Lars Ove med den kritikarroste tredjeboka, Frægd, ein oppvekstroman frå ein fruktgard i Hardanger. Romanen låner både form- og innhaldselement frå norrøn versedikting, og er ei bok med mange stilnivå og ein burlesk tone. Hausten 2011 kom romanen Fjorden, og i 2012 kom romanen Isberg. Boka vart nominert til Ungdommens kritikarpris.

Storspring. Eit fabrikkdikt (2013) var Seljestads lyrikkdebut. På den faste programposten på symposiet, "Smelteverket rundt på 100 minutt", les han dikt herifrå inne i fabrikkhallane.
I 2014 kom hans foreløpig siste roman: Kjære bror.
LARS OVE SELJESTAD
Foto: Marina Sorohan

Katalog 2016

 

Katalog 2016