PEDRO CARMONA-ALVAREZ

Pedro Carmoa-Alvarez (fødd 1972) er forfattar, poet og musikar. Han vart fødd i Chile, men familien flykta til Argentina då han var 10 år p.g.a. farens politiske verksemd i heimlandet. Seinare kom familien til Noreg og busette seg på Kolbotn.

Pedro har vore Oddaven og fast symposiegjest sidan 2007. 

Han debuterte som 21-åring i Signaler, Cappelens årlege debutantanologi. Han er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og gav i 1997 ut den kritikarroste diktsamlinga Helter. Han har seinare gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Pedro fekk Sultprisen i 2005 og Den norske Lyrikklubbens pris 2005. Han jobbar óg med gjendiktninger frå spansk. I 2009 kom Carmona-Alvarez' store roman og litterære gjennombrot, Rust.

I 2010 kom eit stort verk med til no upublisert internasjonal poesi på norsk: Verden finnes ikke på kartet. Antologien er redigert av Pedro Carmona Alvarez og Gunnar Wærness. Hausten 2015 gav han ut ny diktsamling: Samtaler med onkel Nica og tante Viola.

I 2012 kom roman Og været skiftet og det ble sommer og så videre, som han vann P2-lytternes romanpris for, og som fekk særs gode meldingar. I 2016 kom oppfølgjaren, med tittelen Bergen Ungdomsteater. Vi skal til Bergen på 1980- og -90-tallet og møter tre hovudpersonar: Marita, Johannes og Andreas, deira oppvekst og intime samkvem, erfaringar med sex, kjærleik, rus, fest, kunst, musikk og teater.

Hans samlede dikt kom ut i 2017 Buktalerens rike. Dikt 1997-2017, og i 2019 gav han ut Refrenger. Tekster om stemmer og avtrykk. Den består av ei rekkje essays som kretsar om songer og stemmer, lytting og litteratur, identitet og biografi. 

Pedro Carmona-Alvarez er musikar i fleire band, mellom anna Sister Sonny og Moon Pedro & the New Farm Street Orchestra. Han er musikalsk svirebror for Frode Grytten sine ulike musikkprosjekt.
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
Foto: Augon Johnsen