JENS M. JOHANSSON

Jens M. Johansson er ein norsk/svensk forfattar og journalist. Han vart fødd i Stockholm, men voks opp i Oslo. Han er utdanna ved Norges Journalisthøgskole, og har studert litteraturvitskap og idéhistorie på Universitetet i Oslo.

Johansson debuterte skjønnlitterært i 2002 med novellesamlinga Bisettelsen har funnet sted. To år seinare kom romanen Trøst. For romanen fekk Johansson Tidenprisen.
En liten bok om lengsel (2007) hausta takketalar frå landets litteraturkritikarar, og den kritikarroste Den andre etablerte Johansson som ein av samtidas mest elegante og viktige penneførarar i Litteratur-Noreg. I 2013 gav han ut Bryllup og begravelser, ein roman om familierelasjonar, inspirert av sin eigen familie. Boka handlar om å vere son, far, ektemann, barnebarn, bror og venn, og om ynskjet om å bli tatt vare på og om å ta vare på de andre.

I Klassekampen og i Dagens Næringslivs laurdagsmagasin har han jobba som gravejournalist, musikkritikar og humorist. Arbeidet som journalist har gitt han ei rad prisar, som Arne Hestenes' journalistpris (2000) og Den store journalistprisen (2005). Han har undervist i økonomi- og portrettjournalistikk.

Arbeidet hans som forfattar og journalist inngår i fleire essaysamlingar, antologiar og lærebøker. Han har elles skrive filmmanus, og Drømmen om England, ei dokumentarbok om engelsk fotball saman med Lars Backe Madsen (2005).

Johansson sine bøker er omsett til fleire språk.
JENS M. JOHANSSON
Foto: Paal Audestad

Katalog 2018

 

Katalog 2018