CECILIE HELLESTVEIT

Cecilie Hellestveit (fødd 1972) er forskar og rådgjever ved International Law and Policy Institute (ILPI) i Oslo.

Hellestveit har doktorgrad i jus frå Universitetet i Oslo med humanitærrett og folkerett som spesialfelt. Ho har óg studert statsvitskap, og har hovudfag i midtøstenkunnskap og arabisk.

Ho har vore knytt til Institutt for fredsforskning (PRIO), Senter for menneskerettigheter (SMR) og norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) som forskar. I to omgangar har ho jobba som fredsobservatør i ved TIPH (Temporary International Presence in Hebron.

Ho snakkar spansk, engelsk, fransk, russisk, arabisk, tysk og hebraisk.

I haust gjev ho ut boka Syria - en stor krig i en liten verden. 


 
CECILIE HELLESTVEIT

Katalog 2018

 

Katalog 2018