ANNA KLEIVA

Anna Kleiva (fødd 1985) vaks opp på Vinstra, men bur no i Oslo. Ho har studert litteraturvitskap, gått på Forfattarstudiet i Bø og vore student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Anna Kleiva er ein spanande poet som allereie har vekst merksemd med sine to diktsamlingar. Kleiva debuterte I 2011 med diktsamlinga Ti liknande versjonar .
I fjor kom diktsamlinga Vårar seinare. For  denne fekk ho Natt & Dags Oslopris for Årets bok 2014. Kleiva har òg gjendikta Cæur de Lion av Ariana Reines, som har fått mykje positive merksemd den siste tida

I juni vart det klart at Bjørnsonstipendet for 2015 gjekk til Anna Kleiva. Stipendet vert delt ut til ein forfattar i etableringsfasen det er grunn til å knyte betydeleg forventing til.
Stipendet vert delt ut under opninga av Bjørnsonfestivalen. Det er det litterære råd i Forfatterforeningen som utgjør juryen i samarbeid med Bjørnsonfestivalen og Bokhandlerforeningen.
 
I juryens grunngjeving heiter det mellom anna: «Poesiens språkarbeid kan tilføra særeigne uttrykk i litterær behandling av tapserfaring og minne. Ein god diktar har autoritet i språkføringa, men også klokskap og variasjon i denne føringa, noko som opnar opp for lesarengasjementet. Anna Kleiva si dikting viser seg slik». Vidare skriv juryen at «Det er noko i Kleivas dikt som skapar ei sterk, kollektiv kraft … Minnearbeidet hennar i kombinasjon med naturbruken, er sterk og frisk lesing.»

 

Tidligere program

ANNA KLEIVA
Foto: Yngvild Gotaas

Katalog 2018

 

Katalog 2018