LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ANNE OTERHOLM
ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
ERLEND GARATUN HUUS
FORENINGEN FOR BY OG BYGD
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNHILD BERGE STANG
HALLGEIR OPEDAL
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS KIHL
JENS M. JOHANSSON
JOHANNA SCHEIE ORELLANA
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJARTAN FLØGSTAD
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
KNUT MARKHUS
KRÅKENE
LARS OVE SELJESTAD
LEANDER DJØNNE
LINN STALSBERG
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA PASENAU
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
ODDA STORBAND
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORE SLAATTA
TRADDIES
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2020

forside%20katalog2020

LESESTUND

Nina Lykke, Kjersti Skomsvold Annesdatter, Jens M. Johansson og Wencke Mühleisen les frå sine nyaste bøker.
Forfattarane les høgt frå sine siste bøker:

Nina Lykke - Full spredning
Kjersti Skomsvold Annesdatter - I dag jeg, i morgen du
Jens M. Johansson - Lavterskeltilbud
Wencke Mühleisen - Redd deg selv, lille hjerte

Elise Winterthun er programvert. 
 

Kjersti Annesdatter Skomsvold 
I dag jeg, i morgen du


Peter Venn bur i leilegheita under mora. Han lever med lydane hennar over seg, høyrer hennar sterke hjarte banke ned gjennom golvet. Kvar ettermiddag går Peter tur i området rundt gravplassen, men han har aldri vågt å gå inn. Faren hans er truleg gravlagd der, men han mistenker mora for å ha loge om faren sin død, og han har ikkje hatt mot nok til å bli konfrontert med sanninga. Denne kvelden må han besøka mora for å eta kveldsmat saman med henne, som han har gjort kvar fredag i 20 år. 

Denne fredagen kjem igjen tanken om å frigjera seg frå mora sitt klamme grep. Kan han endeleg finna ut kva som eigentleg skjedde med faren? Han bestemmer seg også for å ta fri frå det altoppslukande omsettingsarbeidet denne helga, og freista å leva som eit normalt menneske. Kanskje han til og med kan nærma seg eit anna?

Kjersti Annesdatter Skomsvold har skrive om einsemd, dødslengt og dødsangst. Og om kjærleikens frigjerande kraft. Romanen er prega av humoristisk alvor og eit uvanleg, oppfinnsamt språk, i kjend stil.    


Redd deg selv, lille hjerte 

Wencke Mühleisen 
 

Sex er vaksenlivets leik og håp om intimt fellesskap. Sex er å gi slepp, det er risiko og overskriding. Det er eit dunkelt løfte om påskjøning og tilfredsstilling. 

Korleis ser dette ut for ei kvinne over midtvegs i livet, som i eit mangeårig ekteskap har følt seg avvist, medan han har følt seg styrt? Ho, som ein gong for tjue år sidan var utro mot han, og han, som no fortel henne at han lever eit dobbeltliv med ei yngre elskerinne, og gjerne vil halde fram med det. 

Kva vilkår har kjærleik og attrå i vår tid, i vår verd? Kva skjer med dei vi er utro mot, med dei vi forlet? Kva skjer med oss som bryt opp og vil leva eit anna liv? Blir vi intakte? Eller blir vi, på tross av våre inderlegaste forsøk, brotne opp, heilt ned i møtet med ansiktet til den ein ein gong elska, av berøringa, av lukta, kjensla, av minne om kjensla. 

Lavterskeltilbud 
Jens M. Johansson


Adam Berg er førtiseks, og han er jævlig forbanna. Han er forbigått av forfattarkollegaene sine, bedratt av kona si, og er usikker på kor det vart av det politiske engasjementet han ein gong hadde. Då han opplever at også resten av verda har gått av hengslene, bestemmer han seg: Det er på tide å skrive eit føkkings meisterverk om det som brenn i vår tid. Han må berre finna ut korleis først.
Lavterskeltilbod er ein sann, sint og sår roman, ein politisk og aktuell roman. Men det er også den vittigaste boka du les i år. For Jens M. Johansson er førtiåtte, og han er jævlig forbanna.

 

Full spredning 
Nina Lykke


"Ingen kjenner understrømmene i befolkningen så godt som en fastlege. Jeg har vært gjennom alt sammen, glutenfritt, laktosefritt, sukkerfritt; annenhver overskrift i avisene og på nettet får friske mennesker til å tro at hvis de bare slutter å spise brød eller ost, vil alt falle på plass. De middelaldrende forstår ikke hvorfor de er så trette hele tiden. Det er fordi du begynner å bli gammel, forteller jeg dem, men de tror at dette med aldring ikke gjelder dem, slik de tror at dette med døden ikke gjelder dem. At det kommer til å gjøres et unntak i deres tilfelle".

Elin har flytta inn på legekontoret sitt, der pasientane kjem strøymande dagen lang med skavankar og lidingar. I to tiår har Elin vore fastlege. Minst like lenge har ho vore gift med Aksel. Men før Aksel fanst Bjørn, som plutseleg dukka opp på Facebook, og som har snudd opp ned på alt. Elin veit at noko må losna, men foreløpig sit ho fast på kontoret, i ein slags katatonisk tilstand. I kroken står plastskjelettet Tore og ler av henne. Og heime i rekkehuset sit Aksel og rasar - med mindre han har lagt seg til med den fråskilde nabovenninna Gro.

Full spredning er ein roman om forbanninga til sjølvinnsikta og velsigninga med fornekting. Med denne boka flyttar Nina Lykke grensene for kva ein legeroman kan vere.

Pris

150,-

Dato og tid

10.10 kl. 14:30

Sted

KINOSALEN

Medverkande

NINA LYKKE
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
JENS M. JOHANSSON
WENCKE MÜHLEISEN
ELISE WINTERTHUN