LOTHEPUS

Leif Einar Lothe (fødd 1969, frå Rogdo) er ein norsk entreprenør, spelemann og kjendis frå Ullensvang.

Lothepus slapp han si første plate "Sallaren" i 2009, med rallarviser og sjølvslaga musikk, og han gav ut «Cowboyhjarta» i 2014.  

Livet til Lothepus og kompisen Joar har vi følgt i dokumentarserien Fjorden Cowboys på TV 2 Zebra. På tur med sider, dynamitt og bikkjer. I campingvogn, gravemaskiner og båtar. Det er hardt arbeid og gode festar. I 2017 er Lothepus aktuell med femte sesong av Fjorden Cowboys på TV 2 Zebra. 

I 2017 vann Lothe Farmen kjendis, ein reality-serie der tolv norske mediekjendisar driv ein gard og konkurrerer mot kvarandre i ulike oppgåver. 
LOTHEPUS
Foto: Stian Servoss

Katalog 2017

 

Katalog 2017