RUTH LILLEGRAVEN

Ruth Lillegraven (f. 1978) er ein norsk forfattar. Ho kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum.

Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Store stygge dikt, og har seinare gitt ut romanen Mellom oss og diktsamlinga Urd. Urd fekk strålande mottaking og for denne fekk ho Brageprisen i 2013.

Lillegraven gav i 2014 ut diktbiografien Manilahallen, ein poetisk portrett av ei eldre kvinne, som vart hennar ven. Lillegraven klarar kunsten å skildre eit dramatrisk og vanskeleg liv med nok kjærleik og respekt til at biografien i diktform ikkje blir sosialrealisme, men ei vakker diktsamling.

Lillegraven har gitt ut fire bøker for små barn om søskenparet Mari og Magnus: Mari og Magnus flyttar inn (2011), Mari og Magnus og smokketjuven (2012), Mari og Magnus får katt (2013) og Mari og Magnus hos bestemor (2014).
 
RUTH LILLEGRAVEN
Foto: Paal Audestad

Katalog 2018

 

Katalog 2018