KYRRE ANDREASSEN

Kyrre Andreassen (fødd 1971 på Ringerike) er forfattar. Han bur i Drammen og er utdanna cand.mag. med idéhistorie, litteraturvitskap og nordisk. 

Han debuterte i 1997 med novellesamlinga «Det er her du har venna dine», og vart nominert til Brageprisen for si andre bok, romanen «Barringer» (1999). I 2006 kom romanen «Svendsens Catering», som fekk Språklig samlings litteraturpris, og i 2007 fekk Andreassen Sultprisen for sitt forfattarskap. Han har óg skrive to teaterstykke.
 
Hans nyaste roman «For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges» frå 2016, handlar om å vite betre, men aldri få rett. Om å skjønne systemet, men aldri få overtaket. Om kjærleik, aggresjonsmeistring og svart arbeid – og ein yrkesstolt elektrikar med ryggprolaps.
Romanen fekk strålande meldingar og vart kåra til ein av Årets beste bøker av Klassekampen, Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen.
 
KYRRE ANDREASSEN
Foto: Eivind Mo Andreassen

Katalog 2016

 

Katalog 2016