LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
HEDVIG MOE
HEDVIG MOE
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD

Foreningen for By og Bygd sine kjerneverdiar er nynorsk, det skeive, country og americana. Dei spelar eigne og omsette låtar og synest teksten er halve poenget. Dei fleste songane er litt triste, men ikkje verre enn at vi alle har vore der.

Foreningen for By og Bygd speler nynorsk country. Det er litt skeivt, litt streit, litt omsett og oftast sjølvskrive. Sist dei spelte i Odda, slo lynet ned i anlegget under ein song om å bryte dei ti boda. Sånn kan det gå. 

Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte være hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i. 

Vokalist Jens Kihl er politisk kommentator i Bergens Tidende og har skrive boka "Dette er også Noreg" om å vitje alle kommunane i heile Noreg.

Helene Nilsen (song og gitar) er ei slags ukrona country-dronning frå Askøy i tillegg til å vere forskar på universitetet. 

Endre Aasebø (gitarar og song) hadde ein periode sitt eige radioprogram, Kirketid, på NRK P3, og speler også i hundre andre band. 
May Frida Bosch (trommer) kjem frå den rette sida av fjorden i Masfjorden og har delteke i Pokerfjes på TV2, der ho stakk av med tusenvis av kroner. May har vore ein del av musikkscena i Bergen i lang tid.

Hardangers eigen Lars Korff Lofthus speler kontrabass og korar. Han har spelt folkemusikk, kyrkjemusikk, rock, viser og pop, men hadde ikkje sett for seg å hamne i eit nynorsk countryband.
 
program-closed
FFBB2

Pris

GRATIS

Dato og tid

09.10 kl. 16:00

Sted

PORTEN

Medverkande