rikskonsert
    Rikskonsert



    - Av og med NING.
     
    RIKSKONSERT er ei undersøking av musikalsk fellesskap i Noreg i ei tid med globalisering, sjølvrealisering og kommersialisme.
     
    RIKSKONSERT er ei blanding av talkshow, 17. mai-møte, foredrag og forestilling; det er statistikk, politikk, bunad og is - men først og fremst er det musikk.
     
    Noreg er ikkje lenger kva det ein gang var, det ser det ut som om dei fleste er einige om. Men kva er Noreg i dag? Kor er landet og befolkinga på veg? Kva skal vi samlast om, og kva rolle kan musikken eventuelt spele?
     
    NING med vener skrur til kjende, kjære, glemde, forslitte og heilage musikalske nasjonalskattar på jakt etter ein farbar veg mot framtids-Noreg. Vi får Edvard Grieg og isbilen, ein hauggamal hardingfelelåt, nasjonalsongen i ny drakt, «Til Ungdommen», eit gjensyn med OL-opninga på Lillehammer, norske pop-klassikarar og Stortingets musikalske grunnlovsjubileumsgåve til folket; «Det går et festtog gjennom landet». Men ingen av dei høyres ut som dei pleier.
     
    Medverkande:
    NING: Erik Dæhlin, Amund Sjølie Sveen
    Odda musikklag
    Odda songlag
    Zakarias Meyer Øverli
    Gildas Le Pape
    Emil Thue (lyd)
     
     
    Støtta av:
    Norsk kulturråd og Bergesenstiftelsen
     
    RIKSKONSERT (Norge Rundt) er produsert i samarbeid med BUL Oslo / Nynorskens hus og Noregs Ungdomslag.
     

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016