lars amund vaage
    Språklaus



    Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar. Ho brukte dei annleis enn andre. Ho sa orda rett, men visste ikkje kva dei betydde. Ho smakte på dei, song dei, masa med orda, så dei kom til å bety alt og ingenting, og så blanda dei seg med dei andre lydane hennar, blei borte i leiken med tunga og stemmebanda, forsvann inn i hylet og mumlinga, og me høyrde dei ikkje igjen.
     
    Romanen Syngja av Lars Amund Vaage er inspirert av hans no vaksne dotter, som ikkje var som andre barn, og som ikkje tok inn verda slik andre gjer. Syngja er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. For denne romanen fekk Lars Amund Vaage Brageprisen i fjor.


    «Natta blir lang for den som må bysse ein bytting», skreiv Halldis Moren Vesaas i diktsamlinga I ein annan skog.  Dette har gitt Olaug Nilssen inspirasjon til både tittel og klangbunn i det kritikarroste teaterstykket Stort og stygt, som var eit bestillingsverk for Det norske teater i høve 100-årsjubileet.Olaug Nilssen fekk Heddaprisen for stykket, som ifølge Dagsavisen treff publikum både i hovud  og mage.
     
    I denne samtalen mellom Lars Amund Vaage og Olaug Nilssen er det barnet som står i sentrum, det språklause barnet, barnet med avvik og særskilte behov, forventningar og uro, og korleis ein skal forstå dei som ikkje let seg forstå.

    Søndag klokka 12.00

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016