ibsen
    KLASSIKARSAMTALEN



    Henrik Ibsen blir ofte plassert i den framveksande realistiske tradisjonen på siste del av 1800-talet, under påverknad frå Georg Brandes. Sanninga skulle fram i lyset, og dobbeltmoralen i samfunnet og særskilt borgarskapet skulle blottleggast. Tek du livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske, tek du lukka frå han med det same, skreiv Ibsen i Vildanden. Kvifor er livsløgna så vesentleg for menneska og relasjonane i Ibsen sine stykke? Kva for plass har sanning i Henrik Ibsen sin dramatiske forfattarskap som heilheit, og kva for aktualitet har stykka eigentleg for oss i dag?

    Litteraturforskar Frode Helmich Pedersen, forfattar Gunnar Staalesen og forfattar Marit Eikemo møtest til årets Klassikarsamtale om Henrik Ibsen. Ordstyrar er litteraturvitar Elise Winterthun.

    Dramatisering/ opplesing v/ André Søfteland
     

    < Tilbake

    Katalog 2018

     

    Katalog 2018