enke-enke 1
    Urpremiere på Litteratursymposiet



    Det blir urpremiere i Odda Kyrkje når Cecilie Løveid og Mari Kvien Brunvoll framfører bestillingsverk om   Norges første kvinnelige forfatter,  Dorothe Engelbretsdatter, på Litteratursymposiet.

    --Dette er eit sensasjonelt samarbeid, som vi er veldig stolte over å kunne presentere i Odda, seier festivalsjef Marit Eikemo.

    Tidligare denne veka, på Oddaforspill i Litteraturhuset i Bergen, framførte Cecilie Løveid og Mari Kvien Brunvoll  ein smakebit av bestillingsverket Enke -> Enke, som er ei moderne tilnærming til  Dorothe Engelbretsdatter, salmediktaren frå barokkens Bergen.

    --Det vi fekk høre vitnar om dette blir ei heilt usedvanlig flott forestilling i tekst og musikk. Vi er spesielt glade for samarbeidet med Odda Kyrkje på dette programmet. Det er første gong vi tar i bruk det flotte kyrkjerommet på Litteratursymposiet.

    Tittelen Enke -> Enke kjem av Dorothes tragiske skjebne. Ho fekk ni barn saman med kappelan Ambrosius Hardenbeck. Sju av desse barna var allereie døde då Dorothe i i 1678 gav ut den første samlinga med åndelige songar,  Siælens Sang-Offer. Dette blir no rekna for å vere   hennar  hovudverk, og  er  trykt opp i 25 opplag. I 1684 døde Hardenbeck, og mens Dorothe sørga over mannens død, skreiv ho den store diktsyklusen Taare-Offer.  Seinare skulle det skje endå fleire dødsfall i familien til Dorothe. Det yngste av dei resterande to barna hennar døde under krigen i Tyrkia, mens den eldste reiste til utlandet, og ho mista heilt kontakten med ham.

    Kanskje Dorothe Engelbregtsdatter vil synge, ikke bare spise gråt?,
    skriv Cecilie Løveid, som sjølv er enke – og ein av Norges fremste nolevande forfattarar. Det er ikkje første gong Cecilie L��veid gir seg i kast med Dorothe Engelbrettsdatter. I skodespelet Barock Friise frå 1993, blir Dorothe framstilt som ein gråtande silhuett. Til årets symposium – og saman med Mari Kvien Brunvoll tar dei Dorothe eit kjempesteg vidare.
     
    Mari Kvien Brunvoll er eit unikt vokaltalent og elektronika-musikar, busett i Bergen. I løpet av dei siste åra har ho markert seg nasjonalt og internasjonalt med sitt særprega soloprosjekt, der stemmen er akkompagnert av små elektroniske og akustiske instrument, med klare inspirasjoner fra jazz, pop og folkemusikk. Ho fekk Vossajazz-prisen i 2011, og har samarbeid med musikarar som Stein Urheim, Karl Seglem og Terje Isungset.

    --Vi er svært glade for å få i stand dette  samarbeidet mellom  to av våre mest spennande og særprega kunstnarar . Dei kjem frå kvar sin generasjon og har kvar si tilnærming Dorothe Engelbretsdatter,  som så mange nordmenn har hatt eit personlig og nært forhold til gjennom 400 år.   
    Engelbrettsdatters salmar  blei svært populære og trykt opp i 25 opplag, det siste i 1868. Då Landstad utgav si kirkesalmebok i 1869, inkluderte han Dorothes salmar. I Landstads reviderte finn vi framleis fire av dei. Mest kjent er sannsynligvis Aftensang, som i moderne versjon heiter Dagen viker og går bort.

    I førebuingane til Enke->Enke har Mari Kvien Brunvoll studert opptak av nære og personlige framføringar av Dorothe Engelbrettsdatters songar frå 50-og 60-talet, og resultatet er blitt eit særprega og vakkert  lydspor inspirert av folketonar.  

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017