j%c3%b8rn lier horst foto dag g  nordsveen
    Årets deltakarar



    Litteratursymposiet i Odda 2017 skal utforske KAPITAL 11.- 15. oktober.
    Som vanleg er dei gjestande forfattarane og musikarane på Litteratursymposiet i Odda ein fin miks av gamle kjende og nye namn.

    Nye deltakar
    Jørn Lier Horst, ein av landets bestselgande forfattarar, kjem til Odda for første gang. Han har hatt stor suksess med sine seriar for born: detektivbyrå nr 2. og CLUE, og skal besøke fleire skular i distriktet, i tillegg til å vere med på det opne programmet. Kjell Ola Dahl har gjennom eit langt forfattarliv beskjeftiga seg med kapital i ulike former, både med finanskrim om Lindemann & Sachs, og i sitt engasjement i Scandinavian Star-saka.
     
    Forfattar og Klassekamp-journalist Mímir Kristjansson kjem til Odda for første gang, det same gjer Synnøve Macody Lund og riks-feminist Marta Breen. Birgit Alm og Sandra Lillebø har begge skrive bok om småbarnsfamiliar med dårleg økonomi. Pengepoet Øyvind Berg skal halde årets kapital-essay på opninga, og Duun-forskar og omsetjar Grethe Fatima Syed kjem med tekstar om pengar av Gertrude Stein.  

    Gravejournalister i DN, Eskil Engdal og Kjetil Sæter, har skrive bok om bandittane på havet og skal framføre sin musikalske versjon av dei historiene.

    Fotballdebatten skal sjølvsagt handle om pengemakta i fotballen, og korrupt idrett. Journalist og forskar Andreas Selliaas har skrive mykje om alle bandittane i internasjonal idrett.  

    Av gamle vener som kjem tilbake til Odda er vi glade for at Dag Solstad endeleg er tilbake på symposiet. Det same er Kyrre Andreassen, Thure Erik Lund og Cathrine Knudsen, i tillegg til Pedro Carmona-Alvarez og mange andre.        

    Oddaforfattarar kjem sjølvsagt heim. Marit Eikemo skal ha sitt eige talkshow. Frode Grytten kjem med heile Beat bandet sitt og har førebudd bestillingsverket «Big time», med sjølvaste Tyssedalkoret som gjesteartistar og Lars Ove Seljestad får jobba med sitt  favorittema - kapital. Skodespelar Hadle L. Reisæter har sett i gang ei livsløp-forestilling om boka til Stig Sæterbakken, «Kapital», Kapital for ein mann i 21. århundre. Radarparet Lothepus og Finn Tokvam kjem med boka om førstnemnde!   


    Skulane får besøk av fine forfattarar som Simon Stranger, Ingunn Thon, Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes, fantasyforfattar Tonje Tornes, ungdomsbokforfattar frå Kvinnherad Anders Totland. Oddavenene Åshild og Mari Kanstad Johnsen skal ha forfattarbesøk og workshops og på SmåSymp blir det dukketeater med Teater Joker, basert på Bjørn F. Rørviks Tutomaten.

    Billettane til dei første arr. sleppast 13. juli.
    Programmet i sin heilskap lanserast aug/sept.

    Alle deltakarane og programinfo kjem etterkvart i venstremenyen her på nettsida. 

     

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016