symbol2015magentapositiv
    Årets tema er HEIM.



    HEIM TIL ODDA

    Mitt heim er mitt slott, men kva skjer eigentleg innafor heimens veggar? Kva skjer med barn når heime ikkje lenger er ein trygg stad? Korleis skrive om det private utan å bli for intim? Og kva med dei som ikkje har ein heim? Har vi plass til fleire?  Innan det skjønnlitterære feltet opnar tematikken for litterære samtaler knytt til å skrive om heimesfæren, om sex og samliv, livet med og utan barn, om fiktive heimar og om dei heime.
     
    Ein mørk tysdag hausten 2014 vakna Oddingane opp til eit mareritt: elva Opo hadde gått langt over sine breidder og rive med seg fem hus på sin veg mot fjorden. Familiar mista sine heimar og eigedelane deira vart plukka opp i fjorden mange mil utover. Klimaendringar og ekstremvær vil vera naturlege tema å ta opp i sakprosa-programmet, saman med tema som historiske bygg og arkitektur, hotell og samliv, heimfall og nasjonalisme. 
     
    Frode Gryttens bikube Murboligen er heilt sentral i litteratursatsinga i Odda. I år er det 100 år sidan Murboligen sto ferdig, og fabrikkarbeidarar med familie fekk seg ein moderne bustad. Vi skal sjølvsagt gjere stas på Bikuben i jubileumsåret.

    Symbola for Litteratursymposiet i Odda 2015 er som alltid designa av Symposiets faste designar Augon Johnsen. Variasjonar av dame og mann-symbola frå dei tidlause toalettskilta har vore uløyselig knytt til symposiets profil sidan starten.   

    Sidan den spede starten i 2005 har festivalen utvikla seg til å bli ein av landets mest særeigne litteraturfestivalar: eit 5-dagars gilde med litterære samtalar, debatter, opplesingar, konsertar, vandringar og overraskingar. Som vanlig vil gamle venner av symposiet stå side om side med nye stemmer på programmet.


     

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017