damebreddeformat
    Tema for Littsymp 2019 er Døden



    I veke 41 skal vi utforske døden og livet i Odda. Det største av alle tema. Det eine som er sikkert her i livet og det vi veit minst om. 

    ​Døden er ukjend og skummel. Den tar fra oss verda. Kva skjer eigentleg i dødsøyeblikket? Finst evig liv? Korleis skrive om det vanskelegaste av alt? Betyr det noko kva som skjer etter at du er død? Korleis skjøtte sitt ettermæle? Kan vi legge ballen død?

    I tunge stunder ser vi litteraturens effekter på sitt beste. Gjennom tidene har menneska søkt til litteraturen for trøst og forståelse. Nokon set ord på det det knapt finst ord for.  

    Vi skal bruke litteraturen og festen til å nærme oss det vanskelege og inviterer inn kloke folk som skal leie oss gjennom det. Mest av alt skal vi lage eit symposium. Vi skal iscenesetje smelteverket og by på god litteratur, konsertar, kunst og gode samtalar. Det har vore ein fest sidan 2005, og dette er ikkje begravelsen. 

    Odda, 9. - 13. oktober 2019 
    Det blir dødsbra. 


     

    < Tilbake

    Katalog 2018

     

    Katalog 2018