karl seglem kvartett
    Festforestillinga Urnorsk-unorsk-oddisk



    Festforestillinga i kinosalen laurdag kveld er eit av flaggskipa under symposiet og eit av dei mest populære arrangementa. Her møtes lokale og profesjonelle heltar i musikalsk og litterært samspel. 

    Vi får smakebitar frå Karl Seglem sitt siste album: NyeSongar, som vart spelt inn i Formannshuset i Odda. Kvartetten drog dit for å bruke det sagnomsuste Steinway D flygelet under innspelinga, og Odda musikklag gir oss ei gjenoppleving av gyldne øyeblikk frå «Mellom rocka mountains» - symposiets første festforestilling.
     
    Medverkande:
    - Karl Seglem akustiske kvartett: Karl Seglem (ten.sax, bukkehorn, stemme), Andreas Ulvo (piano), Sigurd Hole (bass), Jonas Howden Sjøvaag (trommer)
    - Odda musikklag, dirigent: Petro Romanyshyn
    - Radek Makar (tryllekunstner)
    - Oddarockarar (Terje Hultstrand, Øyvind Salvesen Tømmernes, Kristoffer Hylland Skogheim, Sivert Furholt Fedje og Mihai Sorohan.)
    - Frode Grytten                 

    Sven Olaf Brekke er kveldens konferansier.


    LAURDAG 12. oktober kl. 20.00

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016