helga flatland  foto-niklas lello
    Gjennom sorga



    Brit Bildøen og Helga Flatland skriv i sine siste bøker nært om sorga, over noko og nokon som er borte. Dei skriv om den kollektive og den individuelle sorga, og om korleis leve vidare når noko er øydelagd. Korleis leve i lag? Kor lenge her det rom for å vera eit sørgande menneske, når dei andre går vidare?  

    Vi har invitert dei til ein samtale om sorg, med ordstyrar Anne Oterholm.

    Helga Flatland skriv i sin kritikarrosa triologi (som består av bøkene Bli hvis du kan. Reis hvis du må, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet) om dei som vart igjen, etter at tre unge gutar mista livet på oppdrag i Afghanistan. Gjennom portrett av familiemedlemer, vener og bygdafolk skriv ho om både den kollektive og den individuelle sorga, ulike måtar å takle sorga på og korleis nokon av karakterane vert sitjande fast i sorga.

    22. juli er bakteppe for Brit Bildøen sin nye roman, Sju dagar i august. Handlinga er lagt fram i tid, åtte år etter at Sofie mista dottera si i Utøya-massakren. Vi følgjer Sofie og mannen Otto gjennom ei veke i august. Kjærleiken dei i mellom har hjulpe dei gjennom sorgprosessen, men no slår det sprekker. Bildøen skriv om sorgarbeid, og om det nasjonale traumet i etterkant av 22. juli.

    Sigrun Slapgard skulle vore med i samtalen med kunne dessverre ikkje kome til Odda likevel. 

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016