parti fra hardanger ( jenternes pynting ved ankomst til kirken) foto knud knudsen
    Biletet av Hardanger



    Å fortelja med nokre ord kva som sermerkjer hardingen framfor folk i andre bygdelag, er ikkje so lett.
    Haldor O. Opedal, Folkeminnesamlar

     
    Trebandsverket Hardanger – ei regionshistorie kom ut våren 2015. Hardanger si historie og Hardanger sin identitet er spennings- og kontrastfylt, prega av møtet mellom tradisjon, industri og nasjonsbygging.
     
    Biletet av Hardanger har i stor grad vorte forma utanfrå. Frå midten av 1800-talet vart regionen eit nasjonalt ikon. Etter 1900 vart regionen arena for ei storstilt, vasskraftbasert industriutbygging boren fram av utanlandsk kapital. Kontrastane mellom det romantiske og det industrielle biletet av Hardanger er framleis høgst levande.
     
    Hardanger har på same tid vorte kalla «rationalismens hjemstavn» (Hans E. Kinck). I ein slik forstand er hardingen opplyst og pragmatisk, og relativt ubunden av dei bileta andre har skapt av regionen. Fjorden og høgfjellet er estetikk, men har òg vore barske og nådelause rammer for hardingen sitt livsutkome. 
     
    Eit anna bilete av Hardanger er det mangslunge foreinings- og lagslivet. På industristadane har arbeidarrørsla vore dominerande. I ytre strok av regionen stod lekmannsrørsla – og KrF – sterkt. Indre strok var prega av norskdomsrørsla og høg oppslutning om Venstre.
     
    Hardanger sin identitet har vorte forma i spenninga mellom omverda sitt blikk på regionen og hardingen sitt eige sjølvbilete. Det historiske biletet av Hardanger er framleis verksamt, men i endring. Regionen vert enno forbunde med spektakulær natur, industri og vasskraft. Men i dag har regionen fått nye kulturarenaer, slik Litteratursymposiet i Odda og andre festivalar er døme på. For desse er likevel staden og bygda gjerne ei viktigare merkevare enn regionen. Ei anna endring er at Hardanger har vorte del av ein global konkurranse med andre regionar om merksemd og ressursar.  
     
    Kva betyr fortida for hardingen sin regionale identitet? Kva betyr fortida for omverda sitt blikk på regionen? Kva inneber det å bruka fortida for å byggja Hardanger som merkevare?
     
    Knut Grove, Svein Ivar Angell og Knut Olav Åmås møtes til samtale om Hardangeridentiteten. Ordstyrar: Randi Bårtvedt.


    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017