roadtrip-paa-kaakaa articlemain
    Skitne pengar



    Kjell Ola Dahl, Eskil Engdal og Kjetil Sæther i samtale om korrupsjon, kvittsnippkriminalitet og økonomiske bandittar. Ordstyrar: Tom Stalsberg.
    Forfattar Kjell Ola Dahl har gitt ut finans-krim om Lindeman & Sachs. Vi møter familiane Lindeman og Sachs i 1973, og følgjer dei fram til 1987; epoken som la grunnlaget for dagens norske næringsliv. På overtydande vis teiknar Kjell Ola Dahl personar og skjebnar som kan forvekslast med verkelige aktørar i næringslivet. I følgje forfattaren er norsk næringsliv frå 1970 og frem til i dag ei einaste lang kriminalhistorie. 

    Eskil Engdal og Kjetil Sæter er begge journalistar i Dagens Næringsliv. Saman gav dei ut boka «Jakten på Thunder», om den norskbygde trålaren «Thunder» som i årevis har plyndra havet rundt Antarktis, som del av ein internasjonal mafia som rovfiskar for milliardar. Trålaren «Thunder» er svartelista og jaga av myndigheiter over heile verda. Men ingen veit kor skipet er, kven som eig eller fører det. Så, i eit av verdas mest avsidesliggande havområde, får kapteinen på miljøorganisasjonen Sea Shepherds kampanjeskip auge på det berykta piratskipet. Straks glir «Thunder» inn i tåka i Sørishavet for å riste av seg forfølgjaren blant isfjella. Dei er femten dagar frå næraste hamn, vinnaren er den som har mest mat, drivstoff og er mest uthalden.

    Engdal og Sæter har begge lang fartstid frå journalistikken og er drivande gode  gravejournalistar. Dei har jobba mykje med kvitsnippkriminalitet og kapitalmarknaden, og har vore rundt heile verden og snakka med alle slags eksentriske rikingar.

    Møt Dahl, Sæter og Engdal til ein samtale om dei skitne pengane. Ordstyrar er Tom Stalsberg.

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017