larsmytting foto erik lindholm hansen
    Heil ved.



    Responsen på Hel ved av Lars Mytting har vore eventyrlig. Boka kom i august  2011, og etter ein stille start med eit førsteopplag på 4000, auka salet jamt, før det sette full fart i november same år. Hel ved er no trykt i 152 000 eksemplar, og omsett til svensk, finsk, dansk og engelsk. I Sverige har den selt over 50 000 eksemplar.
     
    I utgangspunktet er Hel ved ei bok som prøver å sette ord på kva ved er, og kva det betyr  for nordmenn. Responsen vitnar om at dette  rører ved noko grunnleggjande i oss. For i tillegg til å vere ei nyttig bruksbok og ei lesvennlig forteljing om nordmenns forhold til ved, handlar  ved om norske verdiar. Den som er « heil ved» blir gjerne  forstått som eit autentisk, jordnært menneske, ein person vi kan stole på.  Viser den doble tydinga i tittelen til ein typisk  norsk verdi ved det å vere menneske? Korleis kan vi då forstå bokas internasjonale suksess?
     
    Møt forfattaren sjølv,  Lars Mytting, i samtale med Agnes Ravatn!

    Torsdag klokka 17:00

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017