henning h bergsvaag
    POESIDIGG



    Det frampå klubbkonseptet Poesidigg tar turen til Odda og Sentralbadet! I fem år har folk strømma i store mengder til Café Opera i Bergen for å lytta til det beste av motstandsrik poesi, for så å kaste seg ut i dans og fest utover natta. Franske Leslie Kaplan, med den nyomsette Himlenes bok i veska, og sjefen for norsk poesiundergrunn Øyvind Berg les dikt og møter kvarandre i samtale, leia av programvert Henning H. Bergsvåg. Kvelden byr på eit sett opplesningar frå eit toppa vestlandslag. Den unge, lokale helten Paal Maage Elstad er rykande aktuell med ny sterk samling. Han blir flankert av
    norsk poesi sin wonderboy Erlend O. Nødtvedt, kjend for sine oppsiktsvekkande opplesingar. I tillegg kjem Sandra Lillebø køyrande, ein skjult rubin med sterke dikt i bagen. I kjent poesidigg-stil vil kvelden opne med at fire akademipoetar held korte opplesingar, før DJ Eira Søyseth slepper laus ville og skitne rytmar for dei festlystne.

    Delar av samtalen vil vera på engelsk. 

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017