g fliflet foto hj brun
    SEVJE



    Han har alltid budd i musikken. Den har gjeve energi, og vore eit lukkeleg levebrød. Støl i kroppen, men spretten i musikken, har Gabriel Fliflet reist land og strand rundt i førti år. Som moden mann har han blitt ein produktiv musikkmakar, med melodisk teft.

    I Sevje syng Gabriel eigne melodiar, med nerve og nærvær. Eigne ord og tekstar av Robert Burns, Per Olav Kaldestad, Kjartan Fløgstad og andre. Her er viser med eit fast handtrykk og melodiar ein ikkje vil krangle med. Klangbotn frå eit liv i mang slags folkemusikk.

    Gabriel speler på piano eller trekkspel. Utsøkte musikarar er med han på scena: Anders Røine (langeleik, fele, kor), Mathias Eick (trompet), Jørgen Sandvik (gitar, kor) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, kor). La sevja stige!
     
    Konserten markerer frisleppet av CD´en Sevje. Den gis ut av Etnisk Musikklubb, og er Gabriel Fliflets fjerde soloplate. Fleire av songane er henta frå Gabriel sine konsertprosjekt «Rose» (Vossjazz 2016) og «Sanger fra byen» (Festspillene i Bergen 2016).


     
     

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017