ingvild
    Ingvild Ystanes konstituert som festivalleiar



    Forfattaren, journalisten, Korlingen og Oddadama Marit Eikemo har i fem år vore festivalleiar for Litteratursymposiet i Odda. No blir ho redaktør i Vigmostad & Bjørke. Ingvild Ystanes, festivalkoordinator for Litteratursymposiet sidan 2011, tar over inntil vidare. 

    Ingvild er frå Odda. Ho er busett i nabokommunen Ullensvang med mann og tre barn. Når ho ikkje lager symposium jobber ho på biblioteka i fjorden, i Kinsarvik og på Utne.  Ho har ein bachelor frå UiB med to mellomfag: i spansk og latinamerikastudier (med eit semester i Madrid), og Kunsthistorie. I mange år jobba ho på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, som sommarvert, guide, arrangør og marknadsansvarleg. Sidan jobba ho i reiseliv- og stadsutviklingsprosjektet Odda i utvikling og hadde ein kort periode som informasjonsmedarbeider i Odda kommune. 

    Litteratursymposiet i Odda er eit kommunalt prosjekt, og stillinga som festivalleiar var ein 5årig prosjektstilling som vart oppretta då Sparebanken Vest i 2009 gav midler til profesjonalisering av symposiet. Stillinga skal diskuterast i kommunen i haust. Inntil vidare held Ystanes tømmene på symposiehesten.

    Årets program er utforma av Eikemo og Ystanes, saman med bibliotek- og konst. kultursjef i Odda, Else Marie Sandal. Ho er ansvarleg for programmet for barn og unge. Frode Grytten, Frode Molven, Augon Johnsen og Nina Kongtorp utgjer ei programgruppe som bidreg med idear og innspel.

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016